Korleis seier eg opp abonnementet?
Abonnementet har inga bindingstid, og du kan seie det opp når som helst. Oppseiinga stoppar automatisk fornying og gjeld frå slutten av den innbetalte perioden. Når perioden er over, blir bookingtenesta inaktiv, og du mistar tilgangen til funksjonane.
Merk at vi ikkje refunderer innbetalingar etter at ei betaling er gjennomført. Dette gjeld både månadleg og årleg betaling.
Døme: Du har betalt for ein månad og seier opp abonnementet midt i månaden. Abonnementet varer då ut heile den betalte perioden, og du får ikkje refusjon.
Slik seier du opp abonnementet
Gå til Abonnementet mitt → Abonnement.
Klikk Avbestill abonnement øvst til høgre.
Sei opp abonnement
Stadfest oppseiinga med Ja. Fornyinga blir stoppa, medan tilgangen blir halden ved lag ut den betalte perioden.
Vil du òg slette heile bookingtenesta?
Oppseiinga slettar ikkje dataa dine. Du kan når som helst slette bookingtenesta fullstendig ved å sende oss ei melding via kontaktskjemaet vårt eller ein e-post til post@bookingtjeneste.no.