Tre måtar å vise booking på nettsida di
Du kan dele ei vanleg lenke, bruke ein popup-knapp eller byggje inn bookingpanelet med iframe. Opne Del sida di øvst i kontrollpanelet for å finne nettadressa og kodane for bookingtenesta di.
1. Del bookinglenka
Den unike bookinglenka di opnar bookingsida direkte. Legg henne bak ein knapp på nettsida di, eller del henne i sosiale medium.
Sjå eit døme: https://bookingtjeneste.no/demo
Slik finn du bookinglenka
Opne Del sida di øvst i kontrollpanelet.
Dele lenkje
Kopier nettadressa frå URL-en til sida di.
Legg lenka på nettsida di eller del henne der kundane dine finn deg. Opne lenka og kontroller at rett bookingside blir vist.
I same dialog kan du laste ned QR-koden til bookingsida med Klikk for å laste ned QR.
2. Bruk ein popup-knapp
Popup-koden lagar ein knapp på nettsida di. Når kunden klikkar på knappen, blir bookingpanelet opna i eit popup-vindauge.
Sjå eit døme: https://bookingtjeneste.no/demo-popup-modal/
Slik legg du inn popup-knappen
Opne Del sida di øvst i kontrollpanelet.
Popup
Kopier heile koden frå feltet Legg til ein bestillings-popup på nettsida di.
Lim koden inn i ei HTML-/kodeblokk på nettsida di. Koden inneheld HTML, CSS og JavaScript; han skal ikkje limast inn som vanleg tekst. Nettsideløysinga må tillate at koden blir køyrd.
Publiser endringa på di eiga nettside, og test at knappen opnar bookingpanelet og at popup-vindauget kan lukkast.
3. Bygg inn bookingpanelet med iframe
Iframe-koden viser bookingpanelet direkte inne på nettsida di, utan at kunden først må opne ein popup-knapp.
Sjå eit døme: https://bookingtjeneste.no/demo-iframe
Slik legg du inn iframe-koden
Opne Del sida di øvst i kontrollpanelet.
Iframe
Kopier heile koden frå Legg til på nettsida di.
Lim koden inn i ei HTML-/kodeblokk på nettsida di. Han skal brukast som HTML, ikkje visast som vanleg tekst.
Opne nettsida etter publisering og kontroller bookingpanelet på både mobil og datamaskin.
Treng du hjelp med innbygginga? Kontakt oss på post@bookingtjeneste.no.